Eineåsen Huseierforening

Generalforsamling

Referat fra generalforsamlingen 18. mars 2024


Stad: Klubbhuset ved Gommerudbanen
Tid: 18. mars 2024, kl. 19.00 48 husstandar til stades. 13 fullmakter

Saksliste 

  1. Val av møteleiar og referent
    Møteleiar: Vera Perminow
    Referent: Liv Hole
  2. Godkjenning av innkalling og dagsorden
    Innkallinga blei godkjent.
  3. Årsmelding 2023
    Møteleiar las årsmeldinga for 2023. Årsmeldinga blei vedteken.
  4. Rekneskap 2023
    Rekneskapen godkjent.
    Ein bebuar ønska at når ein i budsjettet har sett av middel til eit spesielt formål og det
    oppstår mindre forbruk i forhold til plan, bør det gjerast greie for ved neste generalforsamling.
  5. Garasjesaka
    Møteleiar informerte om garasjesituasjonen, historisk og pr. i dag.
    Spørsmål og kommentarar:
    O Informasjon om Sivilforsvarets heimeside om private tilfluktsrom.
    O Forsikringsklagenemda har blitt kontakta; fleire månader før ein kan vente svar derifrå
    O Sidan tilfluktsrommet er for alle bebuarane, vil det vere naturleg at alle på ein eller annan måte er med på å dele utgiftene som har å gjere med dette rommet.
    O Opplysning: Tilfluktsrommet er godkjent for 258 personar, (vedtak 1971). Dispensasjon p.g.a. økonomiske årsaker (eigentleg for 200 pers.)
    O Forslag om at Huseierforeningen deler utgiftene til nytt tak over tilfluktsrommet.
    O Tilfluktsrommet/«bomberommet» ikkje lenger brukbart som tilfluktsrom. Det kan bli nulla ut etter søknad.
    O Generelt uklar situasjon om tilfluktsrom i dag.
    O Diskusjon/kommentar om moglege årsaker til at betongplata i garasjen kollapsa:
    O Andre metodar på 1970-talet, m.a. mogleg bruk av salt i betongen (kan føre til korrosjon).
    O Dagens bilar er mykje tyngre enn bilane på 1970-talet.
    O I dag: utstrekt bruk av salt på vegane.
    O Samtykke om ikkje å bruke meir pengar på konsulentar for å finne årsak til betong- kollapsen.

    Moglege tiltak:
    • Rive gamle betongplater, erstatte med nye.
    • Forslag om å fylle opp med grus og plassere dei tre ytste garasjane ein stad i nærleiken der det er plass.

    Møteleiar tolka forsamlinga til ikkje å vere klar for avstemming av noko slag no. Alle bebuarar på B-feltet skal møtast og drøfte vidare prosess. Når prosjektskisse og kostnadsoverslag ligg føre, vil B-feltet kunne vende seg til Huseierforeningen med førespurnad om eventuelt økonomisk bidrag. Dette vil Huseierforeningen så måtte ta stilling til.
  6. Forslag til budsjett
    Vedtatt med applaus

  7. Dugnadsdato for våren 2024: mandag 6. mai
    Éin konteiner blir plassert ytst i Anna Kreftings vei. Trengst det fliskuttar til hausten etter at lauvet har falt? Styret avgjer om behov.

  8. Val til nytt styre
    Følgjande seks kandidatar til nytt styre vart foreslått og vedtatt:
    Felt A: John S. Richardsen, SK 8. Vara: Mathilde Fosdal/Samuelsen, SK 14.
    Felt B: Richard Leivestad-Falch, SK 85.
    Kathrine E.O. Opstad, SK 69. Vara: Caroline Irvung, SK 89.
    Felt C: Thi Dang, AK 14.
    Ingar Kjøstolfsen, AK 8.
    Harald Skjønsberg, AK 48.

  9. Val av revisor
    Monica Løvseth Kullhuset valt til revisor.

  10. Eventuelt
    Snømoking/strøing/feiing
    Store snømengder i vinter har gjort brøyteforholda vanskelege. I tillegg har Skovli, firmaet som har ansvaret for brøytinga, hatt problem med dumping av snøen i to år p.g.a. bygging av den nye skulen. Vegane på feltet vårt er smale, det gjer at det kan vere komplisert å ta seg fram med store maskiner. Eksempel på at søppelbilen ikkje kom fram p.g.a. dårleg moking. Oppfordring til alle om å vere på utkikk etter alternativt firma som kan ta seg av brøytinga, og tipse styret om aktuelle aktørar. Ein må vere førebudd på at andre aktørar kan koste meir. Éin person i det nye styret bør ha hovudansvaret for kontakt med Skovli. Elisabeth har hatt kontakt med Skovli i fleire år. Det nye styret bør kontakte henne for erfaringsoverføring.


Nyeste kommentarer